Regelverk

10. OKT 2017 PST Tema

All verksemd som PST driv, skal vere i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og underordna regelverk. Vi bestemmer ikkje sjølv kven eller kva vi skal verne, eller kva typar kriminalitet vi skal konsentrere oss om å kjempe mot, men innrettar oss etter det ansvaret Storting, Regjering og departement har pålagt oss.

Lov og forskrifter

Illustrasjon
All verksemd som blir utført av PST, skal vere i samsvar med lov, forskrift og andre vedtak som dei overordna styresmaktene våre har gjort.

All verksemd som blir utført av PST, skal vere i samsvar med lov, forskrift og andre vedtak som dei overordna styresmaktene våre har gjort. Ei rekkje overordna instansar fører kontroll med dei ulike delane av verksemda vår. I tillegg driv vi kontinuerleg eigenkontroll for å sikre at arbeidet vårt heile tida er i samsvar med gjeldande reglar.

Verksemda vår er følgjeleg underlagd ulike typar rammevilkår. Det gjeldande regelverket trekkjer opp rammer for kva saker vi skal arbeide med, og kva tiltak vi kan setje i verk i dette arbeidet. Dei eksterne og interne kontrollinstansane passar på at vi held oss innanfor desse rammene.
 
Dei overordna styresmaktene våre avgjer kva for nokre av oppgåvene våre som skal ha høgast prioritet, og desse prioriteringane er også avspegla i dei løyvingane vi får over statsbudsjettet. Dei fastsette prioriteringane og tildelte budsjettmidlane blir også rammer for den verksemda som PST til kvar tid utfører.

Heimelsgrunnlag

Vi bestemmer ikkje sjølv kven eller kva vi skal verne, eller kva typar kriminalitet vi skal konsentrere oss om å motverke, men innrettar oss etter det ansvaret Stortinget, Regjeringa og departementet har pålagt oss.

Hovudreglane for korleis vi skal forvalte dette ansvaret, er også fastsette av Stortinget. Det sentrale utgangspunktet for det politifaglege arbeidet til PST finn vi i straffelovastraffeprosesslova og politilova. Rammene som er trekte opp av Stortinget, er som regel nærmare definerte i forskrifter. Sentrale forskrifter for vårt vedkommande er PST-instruksenpåtaleinstruksen og politiinstruksen.

Politilova og PST-instruksen

Sentrale føresegner for PST, utanom den alminnelege straffelova og straffeprosesslova, er kapittel III A i politilova, som fastset korleis PST skal vere organisert, og kva oppgåver vi skal ha, og den instruksen for PST som blei fastsett ved kongeleg resolusjon den 19. august 2005 (PST-instruksen). PST-instruksen er heimla i politilova § 29, som gjeld instruksjonsfullmakt m.m., og som utdjupar føresegnene i politilova om organiseringa og oppgåvene våre.
 
Andre lover og forskrifter

Utanom straffelova, straffeprosesslova, politilova og PST-instruksen finst det ei rekkje føresegner som regulerer dels korleis vi skal drive verksemda vår, dels kva handlingar som er lovbrot som tenesta vår skal førebyggje og etterforske.
 
For oss som del av den norske politietaten er påtaleinstruksen ei særleg sentral forskrift. Påtaleinstruksen er ei utdjuping av ei rekkje reglar i straffeprosesslova om korleis politiet og andre delar av påtalemakta skal gjere oppgåvene sine.
 
Vi har eit breitt ansvar for å drive førebyggjande tryggingsarbeid, det vil seie å førebyggje truslar mot Noregs sjølvstende og tryggleik og andre vitale nasjonale tryggleiksinteresser. Tryggingslova med forskrifter er derfor ein sentral heimel for PST.

 

Innsyn

Illustrasjon
Teieplikta vår set grenser for kor mykje innsyn andre kan få.

Som hovudregel kan ålmenta ikkje få innsyn i arbeidet til PST. Det inneber at opplysningane som vi byggjer sakshandsaminga vår på, ikkje blir gjorde tilgjengelege for ålmenta, og detaljar om korleis vi utfører det operative arbeidet vårt, blir heller ikkje offentleggjorde. Slik er det med det meste av verksemda til politiet, både i Noreg og i andre land: Både PST og andre politieiningar treng reglar og rutinar som hindrar at sensitive opplysningar kjem på avvegar.

Teieplikta vår set grenser for kor mykje innsyn andre kan få. Når utanforståande ber politiet om informasjon, er teieplikta ofte til hinder for at vi kan gi opplysningar eller kommentarar.

Teieplikta til politiet har to formål. Det eine er å hindre at det framtidige arbeidet til politiet skal bli vanskelegare ved at potensielle eller reelle gjerningsmenn har for god kjennskap til kva metodar vi bruker, og kor mykje informasjon vi har tilgang til.

Det andre er å unngå at føretak og personar som er sårbare for informasjon som politiet sit på, blir skadelidande ved at denne informasjonen blir kjend for uvedkommande.

PST handsamar hemmelegstempla opplysningar i mykje større grad enn andre delar av politiet. Når vi må avslå ein innsynsførespurnad fordi vi har teieplikt, er derfor teieplikta ofte forankra i føresegnene om graderte opplysningar i tryggingslova. 

Offentleglova og forskrifta til offentleglova § 9 tredje ledd gjer også som hovudregel unntak frå innsyn i dokument som gjeld saker hos PST.

Kontrollinstansar treng innsyn

Ei rekkje instansar har til oppgåve å kontrollere den verksemda PST driv. Dette inneber at dei også må ha innsyn i arbeidet vårt. Innsynsretten følgjer av det mandatet kontrollinstansane har, og dei avgjer sjølv kva forhold dei skal undersøkje særskilt på sine respektive mandatområde.

Utanforståande

PST får ofte førespurnader som i realiteten er spørsmål om innsyn i arbeidet vårt. Advokatar søkjer om innsyn for å ivareta interessene til ein klient. Journalistar vil vite om saker som blir omtalte i media, er til handsaming hos oss, eller kva vi veit eller meiner om ulike forhold. Forskarar og historikarar ønskjer å lese historisk materiale frå arkiva våre i samband med forskingsprogram eller bokprosjekt. Skuleelevar og studentar ber om hjelp til å skrive prosjektoppgåver eller større oppgåver.

Kontroll

Illustrasjon
PST er underlagt kontroll fra ulike instanser flere ganger i året.

Stortinget, Justisdepartementet og Det nasjonale statsadvokatembetet (NAST) kontrollerer PST jevnlig, både ved å sette rammevilkår for virksomheten, og ved å passe på at vi holder oss innenfor de gitte rammene. Enkelte metoder må PST ha rettens kjennelse for å benytte. Dette innebærer derfor at også domstolene fører kontroll med de PST-sakene dette gjelder. Dessuten har Stortinget opprettet et eget utvalg - EOS-utvalget - som jevnlig kontrollerer PST, Etterretningstjenesten og Nasjonal sikkerhetsmyndighet.

EOS-utvalget

Stortingets kontrollutvalg for etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjeneste (EOS-utvalget) fører kontroll med PST. EOS-utvalget kontrollerer PST ti ganger i året: seks ganger ved Den sentrale enhet og fire ganger ved våre enheter i distriktene. Den sentrale oppgaven til EOS-utvalget er å påse at det ikke blir begått urett mot den enkelte, jf. lov av 3. februar 1995 nr. 7 om kontroll med etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjeneste § 2. Utvalget rapporterer til Stortinget gjennom egen årsmelding. For å lese mer om utvalgets kontroll av PST, se www.eos-utvalget.no.

Justisdepartementet

Justisdepartementet kontrollerer PSTs forebyggende arbeid. Kontrollen blir utført fire ganger i året, to ganger ved Den sentrale enhet og to ganger ved lokale enheter. Justisdepartementet skal gjennom sin kontroll påse at PST arbeider i henhold til gjeldende rammer og prioriteringer.

Påtalemessig kontroll

PST blir kontrollert minst en gang i året av Det nasjonale statsadvokatembetet (NAST). NAST holdes også løpende orientert om pågående saker. NAST fokuserer på etterlevelse av sentrale prioriteringer og sporvalg innenfor det påtalestyrte arbeidet.

Domstolen

PST er underlagt domstolskontroll når det begjæres bruk av tvangsmidler i sak. Domstolen kontrollerer at lovens vilkår er til stede ved bruk av tvangsmidler i forebyggende saker og i etterforskningssaker.

Intern kontroll

PST har et internkontrollsystem som dokumenterer hvordan PST håndterer lovpålagte krav. Internkontrollsystemet omfatter alle PSTs kjerneområder og alle administrative oppgaver. Gjennom systemet ansvarliggjøres ledere og medarbeidere, og avvik følges på en systematisk måte.

PST er underlagt kontroll fra ulike instanser, flere ganger i året. Stortinget, Justisdepartementet og Det nasjonale statsadvokatembetet (NAST) kontrollerer PST jevnlig, både ved å sette rammevilkår for virksomheten, og ved å passe på at vi holder oss innenfor de gitte rammene. Enkelte metoder må PST ha rettens kjennelse for å benytte. Dette innebærer derfor at også domstolene fører kontroll med de PST-sakene dette gjelder. Dessuten har Stortinget opprettet et eget utvalg - EOS-utvalget - som jevnlig kontrollerer PST, Etterretningstjenesten og Nasjonal sikkerhetsmyndighet.

 

Vis alle