Oppgaver

10. OKT 2017 PST

PSTs primære ansvar er å forebygge og etterforske straffbare handlinger mot rikets sikkerhet. Dette gjør tjenesten gjennom ulike metoder og arbeidsmåter. Sentralt står innsamling av informasjon om personer og grupper som kan utgjøre en trussel, utarbeidelse av ulike analyser og trusselvurderinger, etterforskning og andre operative tiltak, og rådgivning.

Tryggleiksrådgiving

Illustrasjon
PST har ansvar for å gi råd til andre norske styresmakter og delar av næringslivet om forhold som har med samfunnstryggleiken å gjere.

For å gi råd til andre norske styresmakter og deler av næringslivet må PST ha spisskompetanse som set oss i stand til å definere korleis norske etatar og nøkkelverksemder best kan byggje opp god beredskap mot kriminalitet og kriser som kan ramme den norske samfunnsstrukturen. Dette ansvaret er nedteikna i PST-instruksen § 4 og § 6 andre ledd. 

PST-eininga i kvart enkelt politidistrikt har ansvaret for å gi råd om tryggingstiltak til lokale styresmakter og verksemder som ønskjer bistand og som kjem inn under PST-instruksen § 6 andre ledd. I Oslo politidistrikt er det Den sentrale eininga (DSE) i PST som har dette ansvaret. DSE har også ansvar for rådgiving overfor visse verksemder utanfor Oslo politidistrikt som er vitale for nasjonen.

For å kunne gi gode råd om tryggingsspørsmål krevst det ein analyseprosess føreåt. Etter å ha henta inn opplysningar frå ulike kjelder og samanlikna dei ulike opplysningane, kan vi gi kvalifiserte råd om korleis utfordringar bør handsamast. Gode analysar føreset at vi har gode opplysningar å byggje dei på, og det er avgjerande for PST å ha tilgang til relevant informasjon av god kvalitet frå relevante kjelder.

Myndigheitspersonar

Ifølgje PST-instruksen skal PST i samarbeid med politiet førebyggje alle truslar mot medlemmer av Kongehuset, stortingsrepresentantar, medlemmer av Regjeringa og medlemmer av Høgsterett, tilsvarande representantar frå andre land og ambassadørar på norsk jord. Truslar PST skal motverke og førebyggje treng ikkje vere politisk motiverte, men kan komme frå til dømes psykisk ustabile personar.

Politiet har det overordna ansvaret for å ivareta tryggleiken til myndigheitspersonar. Politidirektoratet (POD) gir direktiv til politidistrikta om korleis tryggingsstiltak skal vedtakast  og setjast i verk. I samråd med POD utarbeider PST trusselvurderingar der vi tilrår ulike tryggingstiltak for å ivareta tryggleiken til myndigheitspersonane. Kvar enkelt politimeister tek sine avgjerder i tråd med tilrådinga frå PST og direktivet frå POD.

Det ansvaret PST har når det gjeld truslar mot myndigheitspersonar, er i hovudsaka retta mot trusselutøvarane. Dette inneber å identifisere kven som står bak truslane, og om nødvendig setje i verk ulike tiltak. PST varslar politiet elles om forhold ved trusselutøvaren som har noko å seie for korleis politiet skal tryggje myndighetspersonane, og hjelper til i etterforskinga av truslar når vi blir bedne om det.

Kva er ein trussel?

Ein trussel må setjast fram i ord eller ved handling og vere eigna til å skape frykt. Det vil dermed variere frå person til person kva vedkommande opplever som ein trussel, og i praksis varierer det derfor kva hendingar som blir rapporterte til politiet som truslar. Det kan liggje ulike motiv bak ein trussel, og i ein del tilfelle ser vi at personar med alvorlege psykiske lidingar representerer ein vedvarande, men ikkje alltid like alvorleg trussel mot bestemte myndigheitspersoner i kortare eller lengre periodar. I mange av desse sakene har PST eit godt samarbeid med helsevesenet, der formålet ofte er å sørgje for at vedkommande får behandling.

Når ein myndigheitsperson blir utsett for truslar, vurderer PST kor farleg trusselutøvaren er, og kor stor handlingsevne vedkommande har. Basert på ei heilskapsvurdering av trusselutøvaren og situasjonen elles gir vi dei andre greinene av politiet ei tilråding om kva tiltak som er naudsynte.

Tryggleikssamtalar

Som ein del av det førebyggjande arbeidet på dette området gjennomfører PST tryggleikssamtalar med utvalde myndigheitspersonar. Formålet med desse samtalane er blant anna å gjere greie for trusselbiletet og presentere ulike tryggingstiltak for den aktuelle personen. Det er også eit mål å bidra til at vedkommande myndigheitsperson får ei best mogleg forståing av sin eigen situasjon. Tryggleikssamtalane blir gjennomførte i samarbeid med politiet elles.

Beredskap

PST har ei rådgivande rolle i arbeidet med krisehandtering og beredskap. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er det faglege kontaktpunktet til Justisdepartementet når det gjeld  samfunnstryggleik og beredskap. I ei sivil krise vil Politidirektoratet (POD) ha den nasjonale leiinga av beredskapsarbeidet i politietaten.

PST bistår politiet elles med å utarbeide beredskapsplanar og i beredskapsøvingar. Vi deltek både i sjølve øvinga og i planlegginga, blant anna med trusselvurderingane som deltakarane i øvinga skal leggje til grunn for innsatsen. Erfaringar frå øvingane blir brukte til å justere beredskapsplanane.

Sikker reise

Ved utanlandsreiser kan ein kome i situasjonar der eigen eller medreisande sin tryggleik blir truga. Det er mange måtar å sikre seg på. Handboka "Sikker reise" inneheld tryggleiksråd for dei som deltek i offentlege delegasjonar på reise til utlandet, og deira medreisande.

Sikker reise leser du her.

Kritisk infrastruktur

Tryggleiksrådgiving når det gjeld kritisk infrastruktur som flyplassar, telekommunikasjonsanlegg, oljeindustri og hamneanlegg, er også ei viktig oppgåve for PST.

Utanfor Oslo politidistrikt samarbeider lokale PST-einingar med dei aktuelle politistasjonane eller lensmannskontora når det gjeld anlegg som er særleg viktige for nasjonen, og som kan vere sårbare for ulike typar angrep og sabotasje. I Oslo samarbeider Den sentrale eininga i PST med Oslo politidistrikt og deltek også i Oslo kommune sitt beredskapsforum.

I ei viss grad står PST også for særskild oppfølging av selskap og bedrifter som kan vere utsette. Dette gjeld også enkelte norske selskap med verksemder i utlandet.

I den grad verksemda kjem inn under tryggingslova, har Nasjonal tryggingsmakt (NSM) eit overordna ansvar for å sjå til at anlegget eller verksemda følgjer krava i lova.

Trusselvurderingar

Illustrasjon
PST utarbeider både generelle, periodiske trusselvurderingar og trusselvurderingar knytte til bestemte hendingar, arrangement og besøk av myndigheitspersonar.

Politilova § 17 c fastset at "Den sentrale enhet i Politiets sikkerhetstjeneste skal utarbeide trusselvurderinger til bruk for politiske myndigheter".

Dette blir utdjupa i PST-instruksen § 6: "Politiets sikkerhetstjeneste skal av eget tiltak, eller etter anmodning fra Justisdepartementet, utarbeide trusselvurderinger og gi råd om tiltak av betydning for norske interesser, virksomheter og enkeltpersoners sikkerhet. Tjenesten kan yte tilsvarende bistand til departementene, Politidirektoratet, politidistriktene og sjefene for politiets særorganer."

Periodiske trusselvurderingar blir utarbeidde for å gi eit bilete av trusselen i ein bestemt periode. Det blir også utarbeidd trusselvurderingar med eit meir kortsiktig tidsperspektiv som avgjerdsgrunnlag for prioriteringane og tryggingstiltaka til andre styresmakter. Også desse trusselvurderingane vil i praksis alltid vere tryggleiksgraderte.

Hendingsstyrte trusselvurderingar

Ved særskilde hendingar, som til dømes store arrangement, statsbesøk, utlandsreiser for framståande representantar for norske myndigheiter eller hendingar som allereie har skjedd, utarbeider PST trusselvurderingar. Ein terroraksjon i utlandet kan gjere det naudsynt å vurdere eventuelle konsekvensar for norske interesser.

Dei hendingsstyrte trusselvurderingane inneheld tilrådingar frå PST om politioperative tryggingstiltak. PST tek ikkje avgjerdene om kva tryggingstiltak som skal gjennomførast, dei blir tekne av politimeisteren i det aktuelle politidistriktet, til dømes det politidistriktet som skal få statsbesøk.

Samarbeid med Etterretningstenesta

Både PST og Etterretningtenesta har til oppgåve å lage ulike vurderingar og analysar på fleire fagfelt i medhald av politilova og etterretningslova. Tenestene samarbeider nært og har gitt ut fleire felles analyseprodukt. Det er særskilt viktig når det gjeld grenseoverskridande alvorleg kriminalitet, til dømes internasjonal terrorisme. Desse vurderingane er viktige mellom anna i samband med reiser norske myndigheitspersonar gjer til konfliktområde. Etter terrorangrepet på Hotel Serena i Kabul i januar 2008 har ei arbeidsgruppe i regjeringsapparatet vedteke tiltak for å styrkje tryggleiken på slike reiser.

Samarbeid

Illustrasjon
PST er avhengig av å samarbeide med ulike etatar og organisasjonar i Noreg og i utlandet.

Som nasjonal tryggingsteneste har PST eit nært samarbeid med mange etatar, institusjonar og andre aktørar i Noreg. Med dei viktigaste samarbeidspartnarane har vi ein formalisert og regelbunden dialog, og med andre har vi samarbeid og kontakt når det trengst.

PST er direkte underlagd Justisdepartementet og er ein del av den norske politietaten. Politidirektoratet (POD) er sideordna med PST, og politidistrikta og særorgana er direkte underlagde POD. I PST-saker er politidistrikta utanfor Oslo vel å merke underordna sjefen for PST. Oslo politidistrikt og Den sentrale eininga arbeider særleg tett saman, blant anna fordi Oslo PD ikkje har eiga PST-eining. Den funksjonen er det Den sentrale eininga som har.

Nokre typar kriminalitet fell innanfor ansvarsområdet til både PST og særorgana. PST samarbeider direkte med blant andre Kripos, Økokrim og Politiets utlendingseining i slike saker. Eit eksempel er saker som gjeld finansiering av terror. I tillegg er det kjent at grupper som kan knytast til terrorverksemd, ofte også er involverte i annan kriminalitet. Narkotika- og menneskesmugling kan vere eksempel her.

Mellom anna i terrorsaker har PST i utgangspunktet berre ansvaret for skjult etterforsking, mens andre delar av politiet overtek saka ved open etterforsking. Dei tek seg då av avhøyr av mistenkte, pågriping, ransaking og beslag. Terrorberedskap er eit ansvar for politidistrikta.

Forsvaret og PST

Etterretningstenesta er ein av dei viktigaste samarbeidspartnarane PST har utanfor justissektoren. Samarbeidet skjer på fleire ulike nivå og på fleire fagområde og er særskilt viktig med tanke på det komplekse, grenseoverskridande trusselbiletet vi har i dag. Samarbeidet blir regulert av instruks om samarbeidet mellom Etterretningstjenesten og Politiets sikkerhetstjeneste, som blei vedteken i statsråd i 2006.

1. januar 2008 oppretta Regjeringa også ei felles analyseeining for Etterretningstenesta og PST, som saman utarbeider trusselvurderinger og analysar av  internasjonal terrorisme.

PST samarbeider også med blant andre Forsvarets tryggingsavdeling (FSA) og Forsvarets fellesoperative hovudkvarter (FOH). I tillegg har PST-einingar i politidistrikta varierande former for samarbeid med Forsvaret regionalt.

Nasjonal tryggingsmakt (NSM)

Nasjonal tryggingsmakt er ein viktig samarbeidspartnar for PST på fleire område. Samarbeidet er spesielt nært når det gjeld personkontroll, men kan også dreie seg om IKT-tryggleik og om tryggingsspørsmål generelt.

Andre norske samarbeidspartnarar

Innanfor både offentleg og privat sektor er det etablert ei rekkje ulike samarbeidsrelasjonar. Dei skal femne om alt frå strategiske spørsmål til operativt samarbeid, rådgiving og tiltak. Innanfor den offentlege forvaltninga samarbeider PST med blant andre Utanriksdepartementet (UD), Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Toll- og avgiftsdirektoratet (TAD) og Utlendingsdirektoratet (UDI). PST har også fagleg kontakt med fleire forskingsinstitusjonar.

Kontaktgruppa for førebygging av terror

Regjeringa oppretta i 2005 ei kontaktgruppe for førebygging av terrorhandlingar. PST leier denne kontaktgruppa, som har representantar frå både offentleg og privat sektor. Les meir om Kontaktgruppa for forebygging av terror på sidene til Justisdepartementet.

Koordinerings- og rådgivingsutvalet for etterretnings-, overvakings- og tryggingstenesta (KRU)


For å sikre koordineringa mellom dei hemmelege tenestene og mellom desse tenestene og Regjeringa er det oppretta eit særskilt organ: Koordinerings- og rådgivingsutvalet for etterretnings-, overvakings- og tryggingstenesta (KRU). KRU opererer etter Instruks for Koordinerings- og rådgivningsutvalget for etterretnings- og sikkerhetstjenestene, fastsett ved kongeleg resolusjon 20. desember 2002.

 
KRU har seks medlemmer og skal ha denne samansetninga:
ein representant frå høvesvis Forsvarsdepartementet, Justisdepartementet og Utanriksdepartementet på ekspedisjonssjefsnivå eller høgare, sjefen for Etterretningstenesta, sjefen for Nasjonal tryggingsmakt og sjefen for Politiets tryggingsteneste. KRU har eit permanent sekretariat som har til oppgåve å styrkje samarbeidet.

Internasjonalt samarbeid

Stortinget har i § 17 c i politilova fastsett at "den sentrale enhet i Politiets sikkerhetstjeneste skal samarbeide med andre lands politimyndigheter og sikkerhets- og etterretningstjenester". Alle utanlandskontaktane våre er godkjende av Justisdepartementet, og etablering av samarbeid med nye land og tenester skjer alltid i samråd med departementet.

Eit godt internasjonalt samarbeid kan vere avgjerande for å førebyggje alvorleg kriminalitet mot norske interesser. Samstundes kan PST gjennom samarbeid medverke til å hindre gjennomføring av alvorleg kriminalitet i andre land.

Samarbeidet handlar mest om gjensidig utveksling av informasjon. Samarbeidspartnarane er underlagde lovene og reglane i sine respektive land. Det internasjonale samarbeidet gir PST betre oversikt over ulike aktørar som kan ha planar om å gjere brotsverk som kan true den nasjonale tryggleiken. Samarbeidet legg dessutan eit godt grunnlag for rådgiving og utarbeiding av trusselvurderingar.

Internasjonalt samarbeid krev varsemd både når det gjeld kva opplysningar vi gir frå oss til andre land, og korleis PST nyttar og vernar informasjon som vi får frå andre land.

Tryggingstenester i andre land

Dei fleste land i verda har etablert ei sivil tryggingsteneste som skal førebyggje truslar mot nasjonale interesser. Tryggingstenestene samarbeider nært med andre nasjonale tenester som sivile eller militære etterretningstenester (utanlandstenester) og politiet. I Skandinavia har vi valt å ha ei kombinert tryggings- og polititeneste under justisministrane. Denne modellen er gunstig fordi han sikrar eit nært samarbeid mellom tryggingstenesta og politiet. Fleire tryggingstenester i og utanfor Europa er dei næraste internasjonale samarbeidspartnarane til PST.

Samarbeidsforum

Ein viktig del av PSTs internasjonale samarbeid er knytt til vår deltaking i multilaterale samarbeidsfora. PST deltek i dag på vegner av Noreg i flere slike europeiske fora. Her møtast europeiske tryggingstenester for å utveksle informasjon og erfaringar på både strategisk og operativt nivå. Foraene gir generelt sett god høve til raskt å utveksle synspunkt på problemstillingar innafor terrorisme, ekstremisme, spionasje og sabotasje. Vi ser også at samarbeidsforaene stadig oftare brukast til å utveksle erfaringar rundt strategisk leiing, drift og utvikling av tryggingstenestene i Europa. 

I den seinare tida har samarbeidet mellom dei europeiske tryggingstenestene vore i rask utvikling. Dette gjeld særskilt innafor kontraterrorsamarbeidet. Det er i dag store politiske forventningar til den enkelte teneste om å bidra med relevant informasjon, sånn at alle tenestene blir i best mogleg i stand til å forhindra terrorisme. 
Ettersom PST også representerer norsk politi, har vi også ein unik tilgang til fleire europeiske samarbeidsfora som er forbeholdt polititenester. Vi samhandlar blant anna med andre lands politieiningar gjennom Interpol og Europol.

Personkontroll

Illustrasjon
Personkontroll innebærer å hente inn opplysninger som er relevante for å vurdere om en person kan gis sikkerhetsklarering.

PSTs rolle i forbindelse med personkontroll fremgår av politiloven § 17c og sikkerhetsloven med forskrifter. Kravet om sikkerhetsklareringer for å beskytte gradert informasjon er nedfelt i Sikkerhetsloven, og forskrift om personellsikkerhet kapittel 3 beskriver nærmere hvordan personkontroll iverksettes og gjennomføres.

Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) har fag- og kontrollansvaret for personellsikkerhetstjenesten innenfor sikkerhetslovens virkeområde. Det er dermed NSM som gjennomfører personkontroll i alle klareringsprosesser i Norge innenfor både den sivile forvaltningen og Forsvaret.

Personer som i forbindelse med sitt arbeid vil komme i kontakt med eller har behov for å behandle gradert informasjon, må sikkerhetsklareres og autoriseres før de kan få tilgang.

Graderingsnivåene i Norge er Begrenset, Konfidensielt, Hemmelig og Strengt Hemmelig.

PST har imidlertid plikt til å stille betingelser om sikkerhetsklarering før vi gir graderte opplysninger til personer som ikke arbeider i PST. Sikkerhetsklareringer varer i en begrenset periode. Alle ansatte som jobber for PST må klareres og autoriseres. Samtlige jobbsøkere til PST må oppfylle kravet til klarering for å bli ansatt.

Metodar

Illustrasjon
PSTs arbeid er basert på å hente inn informasjon.

Informasjonsinnhenting er berebjelken i arbeidet til politiet, både i førebyggjande verksemd og ved etterforsking. Til liks med politiet elles kan PST nytte mange forskjellige framgangsmåtar for å hente inn informasjon i saker vi arbeider med.

Visse politimetodar er likevel eit så stort inngrep overfor personen dei blir retta mot, at Stortinget har sett særskilde vilkår for å bruke dei. I juridisk terminologi blir slike særleg inngripande metodar kalla "tvangsmiddel".

Ulovfesta metodar

Den alminnelege handlefridommen gjer det også mogleg for politiet å hente inn informasjon. Politiet har høve til å observere det som skjer i det offentlege rommet. Spaningsarbeidet til politiet er systematisk utnytting av denne handlefridommen. Vi kan dermed observere kva mistenkjelege personar gjer i det offentlege rommet.
 
Sjølv om bruken av desse metodane ikkje er regulert i lover og forskrifter, er det nødvendig for rettstryggleiken at metodane ikkje blir brukte vilkårleg. Stortinget har i fleire føresegner lagt vekt på at all polititeneste skal utførast formålsstyrt og forsvarleg. I § 6 i politilova blir det blant anna framheva at dei midla som politiet nyttar, må vere nødvendige og stå i forhold til alvoret i situasjonen, formålet med tenestehandlinga og omstenda elles.
 
PST kan bruke dei ulovfesta metodane både i etterforskingssaker og i førebyggjande verksemd.

Lovregulerte metodar: tvangsmiddel

"Tvangsmiddel" er fellesnemninga på ein del tiltak som styresmaktene kan nytte, men som er så inngripande overfor dei personane tiltaka blir retta mot, at Stortinget har sett strenge vilkår for å ta dei i bruk. Pågriping og fengsling er nokre av dei mest inngripande tvangsmidla politiet kan nytte.
 
Dei tvangsmidla som er tillatne i Noreg, er det gjort greie for i straffeprosesslova fjerde del. Den første føresegna om tvangsmiddel er § 170 a, som slår fast at politiet berre kan bruke tvangsmiddel når det er tilstrekkeleg grunn til det, og ikkje når det etter sakstypen og forholda elles ville vere eit uforholdsmessig inngrep.
 
Tvangsmiddel kan PST nytte både i førebyggjande verksemd og i etterforsking, såframt vilkåra i lova er oppfylte i kvart einskilt tilfelle. Bruk av tvangsmiddel ved førebyggjande tiltak er heimla i § 17 d i politilova.
 
Stortinget vedtok 17. juni 2005 heimel til å bruke tvangsmiddel i avverjande etterforsking og førebyggjande tiltak. I tillegg vedtok Stortinget å opne for å bruke nokre nye metodar, blant anna romavlytting.

Straffeprosesslova § 222 d fastset at dersom politiet som ledd i ei etterforsking finn rimeleg grunn til å tru at alvorlege lovbrot er i emning, kan retten gi politiet løyve til å bruke visse tvangsmiddel for å avverje lovbrotet. Dette inneber at PST kan bruke tvangsmiddel til avverjande føremål på ansvarsområda sine. Retten kan gi løyve til å bruke tvangsmiddel for å avverje brotsverk berre dersom politiet ikkje kan oppnå like gode resultat på annan måte.
 
Eit løyve til å bruke tvangsmiddel til avverjande formål kan opne for ransaking, skjult fjernsynsovervaking, teknisk sporing, beslag, utleveringspålegg, kommunikasjonskontroll, romavlytting og identifisering av kommunikasjonsanlegg.

Livvakt

Illustrasjon
PST har det nasjonale ansvaret for å utføre livvaktteneste.

PST har det nasjonale ansvaret for å utføre livvaktteneste på norsk jord for norske og utanlandske myndigheitspersonar.

Desse personane kan vere regjeringsmedlemmer, stortingsrepresentantar og dommarar i Høgsterett og tilsvarande representantar frå andre land og ambassadane til andre land i Noreg. Kongehuset har eiga livvaktteneste i Den kongelige politieskorte som er underlagd Oslo politidistrikt. 

Livvakttenesta blir utført i nært samarbeid med politidistrikta, og livvaktene følgjer også enkelte norske myndigheitspersonar på reiser i utlandet. Livvakttenesta blir utført i tråd med føringar frå Justisdepartementet, nedteikna i Instruks for Politiets sikkerhetstjeneste § 9 andre ledd. 

Livvaktoppdrag er i hovudsaka nærsikring av den aktuelle myndigheitspersonen, men arbeidet har også ei rekkje andre sider. Nærleiken mellom livvaktene og blant andre analytikarane som utfører det førebyggjande arbeidet i PST, set oss i stand til å verne myndigheitspersonar mot angrep og truslar på best mogleg vis. 

Det er PST som har ansvaret for å analysere kva for tryggingstiltak kvar enkelt myndigheitsperson treng. Desse analysane fører til spesifikke trusselvurderingar der vi gjer greie for situasjonen og eventuelt tilrår særlege tryggingstiltak. I nokre tilfelle tilrår vi at ein person skal følgjast av livvakter, anten kontinuerleg eller i særlege situasjonar, til dømes under utanlandsreiser. 

Saman med Politidirektoratet tilrår PST aktuelle tryggingstiltak, men det er politimeistrane i dei aktuelle politidistrikta som avgjer kva tiltak som skal setjast i verk.

Når statsrådar eller stortingsrepresentantar er på reise i utlandet, er det i utgangspunktet det aktuelle landet som har ansvaret for å tryggje dei besøkjande. PST vurderer om det skal lagast ei trusselvurdering, og om det trengst politioperative tiltak. I land med særleg risiko kan væpna livvakter følgje med myndigheitspersonane, dersom vertslandet godtek dette. Leiaren for livvaktene er då liaison til tryggingsmakta i landet og fungerer som tryggingsrådgivar for delegasjonen. 

Alle livvaktene i PST er polititenestemenn som har gjennomgått ei grundig spesialopplæring i livvaktteneste. Både menn og kvinner er livvakter i PST. Eit omfattande treningsprogram og jamlege, obligatoriske testar blir gjennomførte for å sørgje for at alle livvaktene held ved lag dei fysiske og taktiske evnene som er naudsynte for å utføre livvaktoppdrag. Utdanning og trening av livvakter skjer i nært samarbeid med Politihøgskolen og Den kongelige politieskorte i Oslo politidistrikt.

Informasjonsinnhenting

Illustrasjon
Informasjon er avgjerande i arbeidet mot all kriminalitet.

PST treng god og relevant informasjon både for å kunne gi trusselvurderingar og andre råd om tryggleik og for å kunne førebyggje og etterforske kriminalitet. Vi kan nytte særskilde metodar for å hente inn opplysningar.

PST kan hente inn mykje informasjon frå opne kjelder: forskingsrapportar, fagbøker, massemedium og liknande. Sakshandsamarane våre kan trenge slik offentleg tilgjengeleg informasjon både for å halde seg generelt oppdaterte på eit fagområde og for å kunne komme vidare i ei konkret sak.
 
I tillegg treng vi opplysningar som ikkje skal vere allment tilgjengelege, men som kan vere avgjerande for å hindre alvorlege lovbrot eller oppklare lovbrot som allereie har skjedd. Dette kan for eksempel vere opplysningar frå politiets eigne register, frå samarbeidspartnarar i inn- og utland eller frå personar som har observert noko mistenkjeleg.

Les mer om samarbeidspartarer til PST

I mange tilfelle må politiet unngå å fortelje offentleg kvar opplysningane våre kjem frå. Ei rekkje ulike føresegner, blant andre reglane om teieplikt, gir oss høve til å verne kjeldene våre. Kjeldevern er viktig av to årsaker: For det første må politiet hindre at dei som har gitt oss sensitive opplysningar, blir eksponerte. For det andre er det viktig å hindre at personar som er under mistanke, får innsikt i kva informasjon politiet sit med, før politiet er ferdig med arbeidet sitt.

Informasjonsvern

Sidan PST handsamar mykje gradert informasjon, har vi også føresegnene i tryggingslova å ta omsyn til i vurderinga av kva opplysningar som kan formidlast til utanforståande.

Når vi får opplysningar som er graderte av andre (til dømes av ei utanlandsk tryggingsteneste), er det informasjonseigaren som avgjer om vi kan gi

opplysningane vidare, og i så fall til kven. PST har derfor ikkje utan vidare høve til å formidle vidare opplysningar vi har fått frå andre.

Handsaming av innhenta opplysningar

Det er viktig å kvalitetssikre all informasjon vi hentar inn. Kvalitetssikringa går ut på både å vurdere kor truverdig kjelda er, og å samanlikne ulike opplysningar, supplere eventuelt mangelfull informasjon - og forkaste irrelevante og uriktige opplysningar. Denne sorteringsprosessen er svært viktig og må skje kontinuerleg fram til ei sak er avslutta.
 
Ein del av den informasjonen vi treng, er opplysningar om bestemte personar. Når vi  handsamar slik informasjon, er vi underlagde blant anna dei generelle reglane i personopplysningslova, som set klare vilkår for innhenting, oppbevaring og sletting av personopplysningar.
 
Kapittel IV i PST-instruksen gir reglar som særskilt gjeld korleis PST skal handsame opplysningar.

Etterforske

Illustrasjon
PST er i politilova pålagt å etterforske visse typar lovbrot.

Etterforskingsarbeidet til PST har utgangspunkt i dei same lovføresegnene som gjeld for andre etterforskingseiningar i politiet, og gir høve til å innleie etterforsking av visse typar lovbrot.

Heimelsgrunnlag

Politiet sin heimel for etterforskning - straffeprosesslova § 225

Rammene for bruk av lovheimelen er presisert i politiinstruksen og påtaleinstruksen.

Etterforsking skal ifølgje straffeprosesslova § 224 setjast i verk når ei melding til politiet eller andre omstende gir rimeleg grunn til å undersøkje om det ligg føre eit straffbart forhold. Har PST grunn til å tru at det har skjedd ei straffbar handling på vårt ansvarsområde, har vi derfor plikt til å undersøkje nærare.

Straffeprosesslova § 226 fastset vidare rammene for kva som skal vere siktemålet med all etterforsking i politiet.

Avverjande etterforsking

Skadane på samfunnet av eit gjennomført brotsverk på ansvarsområda til PST kan bli så store at samfunnet ventar tiltak for å hindre at brotsverka skjer. Straffeprosesslova § 222 d andre ledd er derfor særleg viktig for PST. Føresegna opnar for at vi kan setje i verk meir inngripande tiltak enn vi normalt har lov til i førebyggjande verksemd. Det er med andre ord eit juridisk skilje mellom å førebyggje og å avverje lovbrot.

Dersom vi har heimel for å innleie etterforsking, kan vi også få rettsleg løyve til å ta i bruk særskilde etterforskingsmetodar, såkalla straffeprosessuelle tvangsmiddel. Tvangsmiddel er ei fellesnemning på ein del verkemiddel som på visse vilkår kan nyttast av bestemte offentlege styresmakter. Kapittel 17 i straffeprosesslova set rammene for bruk av tvangsmiddel for å avverje alvorleg kriminalitet. Desse tvangsmidla er ransaking, skjult fjernsynsovervaking, teknisk sporing, beslag og utleveringspålegg, avlytting og annan kontroll av kommunikasjonsanlegg (kommunikasjonskontroll), identifisering av kommunikasjonsanlegg, og anna avlytting av samtalar ved tekniske middel (romavlytting).

Straffeprosesslova § 222 d andre ledd spesifiserer kva for lovbrot det må vere mistanke om for at PST skal kunne nytte dei nemnde tvangsmidla.

Etterforsking av straffesaker skal ta sikte på å klarleggje både det som taler mot, og det som taler til fordel for den mistenkte. Målet med politietterforsking er å komme til ei avklaring i ei sak, ikkje berre å få den mistenkte dømd.

Open eller skjult etterforsking

Politilova § 17 b nr. 5 slår fast at open etterforsking i saker som gjeld sabotasje, politisk motivert vald, terrorhandlingar og finansiering av terrorisme, som hovudregel skal drivast av andre delar av politiet, om ikkje den overordna påtalemakta bestemmer noko anna.

Når PST har hatt den skjulte etterforskinga av ei terrorsak, er det mange fornuftsomsyn som tilseier at PST bør halde fram med etterforskinga også av ei open sak.

I saker som gjeld spionasje, brot på tryggingslova, angrep mot statsforfatninga, vald og truslar mot statsleiinga og spreiing av masseøydeleggingsvåpen, har PST ansvaret for både skjult og open etterforsking.

Påtalemakt

Påtalemakta i PST har eit overordna ansvar for etterforskinga. Omgrepet "påtalemakt" blir brukt både om den særskilde retten til å gjere visse vedtak og gjennomføre dei, og om dei offentlege instansane som har rett til å utøve slik særskild verksemd. Kapittel 6 i straffeprosesslova fastset kven som tilhøyrer påtalemakta, og korleis påtalemakta skal gjere oppgåvene sine. Vidare er dette nærmare presisert i påtaleinstruksen.

I Noreg består påtalemakta av Riksadvokaten, statsadvokatane, politimeistrane og politijuristane. Sjefen for PST er tillagd påtalemakt på linje med politimeistrane. Straffeprosesslova § 55 gjer greie for kven som har påtalemakt.

Oppgåvene til påtalemakta kan oppsummerast i desse hovudpunkta:

• å etterforske straffbare handlingar

• å avgjere om det skal setjast i verk straffeforfølging

• å krevje bruk av tvangsmiddel (ev. sjølv sørgje for at slike middel blir tekne i bruk)

• å førebu og føre aktoratet i straffesaker for det offentlege

• å gjere vedtak om fullføring av pålagd straff

Påtaleordninga i PST-saker

Riksadvokaten har i rundskriv nr. 4/2007 fastsett reglar om kven som har etterforskings- og påtaleansvar i PST-saker. Politilova § 17 b bestemmer elles kva for saker som eksklusivt er lagde til PST, heilt og fullt eller avgrensa til ansvaret for skjult etterforsking.

Sjefen for PST er overordna politimeistrane i førebyggjande saker, men er på same nivå som politimeistrane som påtalemakt i etterforskingssaker. Riksadvokaten gir i rundskrivet m.a. reglar om når saker som ligg i politidistrikt utanfor Oslo, ikkje skal handsamast av vedkommande politimeister, men sentraliserast under sjefen for PST.

Den sentrale eininga i PST (hovudkontoret i Oslo) høyrer direkte under Det nasjonale statsadvokatembetet, mens politimeistrane ligg under vedkommande regionale statsadvokatembete.

Forebyggje

Illustrasjon
Handlingane PST skal førebyggje er så alvorlege at det er arbeidet før ei handling som må prioriterast.

Politilova § 17 b nr. 1 slår fast at PST skal etterforske brot på straffelova kap. 8 og 9, lov om forsvarsløyndomar og tryggingslova. Ifølgje politilova § 17 b nr. 5 skal PST også førebyggje og etterforske sabotasje, politisk motivert vald eller tvang og dessutan brot på straffelova §§ 147 a og 147 b.

Handlingane PST er sett til å førebyggje, er så alvorlege at det er arbeidet før ei handling som må prioriterast framfor etterforsking etterpå. Derfor står førebyggjande tiltak sentralt i verksemda til PST.

For terroristar spelar ikkje den moglege straffereaksjonen ei preventiv rolle i same grad som han ville gjort for ordinære kriminelle. Mange er til og med villige til å ofre sitt eige liv i handlinga.

Heimelsgrunnlag

Vis alle