Informasjons;innhenting

PST treng god og relevant informasjon og metodar for informasjonsinnhenting både for å kunne gi trusselvurderingar og andre råd om tryggleik og for å kunne førebyggje og etterforske kriminalitet.

Headerbilde tilhørende artikkel

Informasjonsinnhenting er berebjelken i arbeidet til politiet, både i førebyggjande verksemd og ved etterforsking. Til liks med politiet elles kan PST nytte mange forskjellige framgangsmåtar for å hente inn informasjon i saker vi arbeider med. Vi kan nytte særskilde metodar for å hente inn opplysningar.

PST kan hente inn mykje informasjon frå opne kjelder: forskingsrapportar, fagbøker, massemedium og liknande. Sakshandsamarane våre kan trenge slik offentleg tilgjengeleg informasjon både for å halde seg generelt oppdaterte på eit fagområde og for å kunne komme vidare i ei konkret sak.

I tillegg treng vi opplysningar som ikkje skal vere allment tilgjengelege, men som kan vere avgjerande for å hindre alvorlege lovbrot eller oppklare lovbrot som allereie har skjedd. Dette kan for eksempel vere opplysningar frå politiets eigne register, frå samarbeidspartnarar i inn- og utland eller frå personar som har observert noko mistenkjeleg.

Les mer om samarbeidspartarer til PST

I mange tilfelle må politiet unngå å fortelje offentleg kvar opplysningane våre kjem frå. Ei rekkje ulike føresegner, blant andre reglane om teieplikt, gir oss høve til å verne kjeldene våre. Kjeldevern er viktig av to årsaker: For det første må politiet hindre at dei som har gitt oss sensitive opplysningar, blir eksponerte. For det andre er det viktig å hindre at personar som er under mistanke, får innsikt i kva informasjon politiet sit med, før politiet er ferdig med arbeidet sitt.

Visse politimetodar er likevel eit så stort inngrep overfor personen dei blir retta mot, at Stortinget har sett særskilde vilkår for å bruke dei. I juridisk terminologi blir slike særleg inngripande metodar kalla "tvangsmiddel".

Ulovfesta metodar

Den alminnelege handlefridommen gjer det også mogleg for politiet å hente inn informasjon. Politiet har høve til å observere det som skjer i det offentlege rommet. Spaningsarbeidet til politiet er systematisk utnytting av denne handlefridommen. Vi kan dermed observere kva mistenkjelege personar gjer i det offentlege rommet.

Sjølv om bruken av desse metodane ikkje er regulert i lover og forskrifter, er det nødvendig for rettstryggleiken at metodane ikkje blir brukte vilkårleg. Stortinget har i fleire føresegner lagt vekt på at all polititeneste skal utførast formålsstyrt og forsvarleg. I § 6 i politilova blir det blant anna framheva at dei midla som politiet nyttar, må vere nødvendige og stå i forhold til alvoret i situasjonen, formålet med tenestehandlinga og omstenda elles.

PST kan bruke dei ulovfesta metodane både i etterforskingssaker og i førebyggjande verksemd.

Lovregulerte metodar: tvangsmiddel

"Tvangsmiddel" er fellesnemninga på ein del tiltak som styresmaktene kan nytte, men som er så inngripande overfor dei personane tiltaka blir retta mot, at Stortinget har sett strenge vilkår for å ta dei i bruk. Pågriping og fengsling er nokre av dei mest inngripande tvangsmidla politiet kan nytte.

Dei tvangsmidla som er tillatne i Noreg, er det gjort greie for i straffeprosesslova fjerde del. Den første føresegna om tvangsmiddel er § 170 a, som slår fast at politiet berre kan bruke tvangsmiddel når det er tilstrekkeleg grunn til det, og ikkje når det etter sakstypen og forholda elles ville vere eit uforholdsmessig inngrep.

Tvangsmiddel kan PST nytte både i førebyggjande verksemd og i etterforsking, såframt vilkåra i lova er oppfylte i kvart einskilt tilfelle. Bruk av tvangsmiddel ved førebyggjande tiltak er heimla i § 17 d i politilova.

Stortinget vedtok 17. juni 2005 heimel til å bruke tvangsmiddel i avverjande etterforsking og førebyggjande tiltak. I tillegg vedtok Stortinget å opne for å bruke nokre nye metodar, blant anna romavlytting.

Straffeprosesslova § 222 d fastset at dersom politiet som ledd i ei etterforsking finn rimeleg grunn til å tru at alvorlege lovbrot er i emning, kan retten gi politiet løyve til å bruke visse tvangsmiddel for å avverje lovbrotet. Dette inneber at PST kan bruke tvangsmiddel til avverjande føremål på ansvarsområda sine. Retten kan gi løyve til å bruke tvangsmiddel for å avverje brotsverk berre dersom politiet ikkje kan oppnå like gode resultat på annan måte.

Eit løyve til å bruke tvangsmiddel til avverjande formål kan opne for ransaking, skjult fjernsynsovervaking, teknisk sporing, beslag, utleveringspålegg, kommunikasjonskontroll, romavlytting og identifisering av kommunikasjonsanlegg.

Informasjonsvern

Sidan PST handsamar mykje gradert informasjon, har vi også føresegnene i tryggingslova å ta omsyn til i vurderinga av kva opplysningar som kan formidlast til utanforståande.

Når vi får opplysningar som er graderte av andre (til dømes av ei utanlandsk tryggingsteneste), er det informasjonseigaren som avgjer om vi kan gi opplysningane vidare, og i så fall til kven. PST har derfor ikkje utan vidare høve til å formidle vidare opplysningar vi har fått frå andre.

Handsaming av innhenta opplysningar

Det er viktig å kvalitetssikre all informasjon vi hentar inn. Kvalitetssikringa går ut på både å vurdere kor truverdig kjelda er, og å samanlikne ulike opplysningar, supplere eventuelt mangelfull informasjon - og forkaste irrelevante og uriktige opplysningar. Denne sorteringsprosessen er svært viktig og må skje kontinuerleg fram til ei sak er avslutta.

Ein del av den informasjonen vi treng, er opplysningar om bestemte personar. Når vi  handsamar slik informasjon, er vi underlagde blant anna dei generelle reglane i politiregisterlova, som set klare vilkår for innhenting, oppbevaring og sletting av personopplysningar.