Samarbeid

Som nasjonal tryggingsteneste har PST eit nært samarbeid med mange etatar, institusjonar og andre aktørar i Noreg. Med dei viktigaste samarbeidspartnarane har vi ein formalisert og regelbunden dialog, og med andre har vi samarbeid og kontakt når det trengst.

Publisert 10. jun 2021

Headerbilde tilhørende artikkel

PST er direkte underlagd Justisdepartementet og er ein del av den norske politietaten. Politidirektoratet (POD) er sideordna med PST, og politidistrikta og særorgana er direkte underlagde POD. I PST-saker er politidistrikta utanfor Oslo vel å merke underordna sjefen for PST. Oslo politidistrikt og Den sentrale eininga arbeider særleg tett saman, blant anna fordi Oslo PD ikkje har eiga PST-eining. Den funksjonen er det Den sentrale eininga som har.

Nokre typar kriminalitet fell innanfor ansvarsområdet til både PST og særorgana. PST samarbeider direkte med blant andre Kripos, Økokrim og Politiets utlendingseining i slike saker. Eit eksempel er saker som gjeld finansiering av terror. I tillegg er det kjent at grupper som kan knytast til terrorverksemd, ofte også er involverte i annan kriminalitet. Narkotika- og menneskesmugling kan vere eksempel her.

Mellom anna i terrorsaker har PST i utgangspunktet berre ansvaret for skjult etterforsking, mens andre delar av politiet overtek saka ved open etterforsking. Dei tek seg då av avhøyr av mistenkte, pågriping, ransaking og beslag. Terrorberedskap er eit ansvar for politidistrikta.

Forsvaret og PST

Etterretningstenesta er ein av dei viktigaste samarbeidspartnarane PST har utanfor justissektoren. Samarbeidet skjer på fleire ulike nivå og på fleire fagområde og er særskilt viktig med tanke på det komplekse, grenseoverskridande trusselbiletet vi har i dag. Samarbeidet blir regulert av instruks om samarbeidet mellom Etterretningstjenesten og Politiets sikkerhetstjeneste, som blei vedteken i statsråd i 2006.

1. januar 2008 oppretta Regjeringa også ei felles analyseeining for Etterretningstenesta og PST, som saman utarbeider trusselvurderinger og analysar av  internasjonal terrorisme.

PST samarbeider også med blant andre Forsvarets tryggingsavdeling (FSA) og Forsvarets fellesoperative hovudkvarter (FOH). I tillegg har PST-einingar i politidistrikta varierande former for samarbeid med Forsvaret regionalt.

Nasjonal tryggingsmakt (NSM)

Nasjonal tryggingsmakt er ein viktig samarbeidspartnar for PST på fleire område. Samarbeidet er spesielt nært når det gjeld personkontroll, men kan også dreie seg om IKT-tryggleik og om tryggingsspørsmål generelt.

Andre norske samarbeidspartnarar

Innanfor både offentleg og privat sektor er det etablert ei rekkje ulike samarbeidsrelasjonar. Dei skal femne om alt frå strategiske spørsmål til operativt samarbeid, rådgiving og tiltak. Innanfor den offentlege forvaltninga samarbeider PST med blant andre Utanriksdepartementet (UD), Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Toll- og avgiftsdirektoratet (TAD) og Utlendingsdirektoratet (UDI). PST har også fagleg kontakt med fleire forskingsinstitusjonar.

Kontaktgruppa for førebygging av terror

Regjeringa oppretta i 2005 ei kontaktgruppe for førebygging av terrorhandlingar. PST leier denne kontaktgruppa, som har representantar frå både offentleg og privat sektor. Les meir om Kontaktgruppa for forebygging av terror på sidene til Justisdepartementet.

Koordinerings- og rådgivingsutvalet for etterretnings-, overvakings- og tryggingstenesta (KRU)

For å sikre koordineringa mellom dei hemmelege tenestene og mellom desse tenestene og Regjeringa er det oppretta eit særskilt organ: Koordinerings- og rådgivingsutvalet for etterretnings-, overvakings- og tryggingstenesta (KRU). KRU opererer etter Instruks for Koordinerings- og rådgivningsutvalget for etterretnings- og sikkerhetstjenestene, fastsett ved kongeleg resolusjon 20. desember 2002. 

KRU har seks medlemmer og skal ha denne samansetninga:
ein representant frå høvesvis Forsvarsdepartementet, Justisdepartementet og Utanriksdepartementet på ekspedisjonssjefsnivå eller høgare, sjefen for Etterretningstenesta, sjefen for Nasjonal tryggingsmakt og sjefen for Politiets tryggingsteneste. KRU har eit permanent sekretariat som har til oppgåve å styrkje samarbeidet.

Internasjonalt samarbeid

Stortinget har i § 17 c i politilova fastsett at "den sentrale enhet i Politiets sikkerhetstjeneste skal samarbeide med andre lands politimyndigheter og sikkerhets- og etterretningstjenester". Alle utanlandskontaktane våre er godkjende av Justisdepartementet, og etablering av samarbeid med nye land og tenester skjer alltid i samråd med departementet.

Eit godt internasjonalt samarbeid kan vere avgjerande for å førebyggje alvorleg kriminalitet mot norske interesser. Samstundes kan PST gjennom samarbeid medverke til å hindre gjennomføring av alvorleg kriminalitet i andre land.

Samarbeidet handlar mest om gjensidig utveksling av informasjon. Samarbeidspartnarane er underlagde lovene og reglane i sine respektive land. Det internasjonale samarbeidet gir PST betre oversikt over ulike aktørar som kan ha planar om å gjere brotsverk som kan true den nasjonale tryggleiken. Samarbeidet legg dessutan eit godt grunnlag for rådgiving og utarbeiding av trusselvurderingar.

Internasjonalt samarbeid krev varsemd både når det gjeld kva opplysningar vi gir frå oss til andre land, og korleis PST nyttar og vernar informasjon som vi får frå andre land.

Tryggingstenester i andre land

Dei fleste land i verda har etablert ei sivil tryggingsteneste som skal førebyggje truslar mot nasjonale interesser. Tryggingstenestene samarbeider nært med andre nasjonale tenester som sivile eller militære etterretningstenester (utanlandstenester) og politiet. I Skandinavia har vi valt å ha ei kombinert tryggings- og polititeneste under justisministrane. Denne modellen er gunstig fordi han sikrar eit nært samarbeid mellom tryggingstenesta og politiet. Fleire tryggingstenester i og utanfor Europa er dei næraste internasjonale samarbeidspartnarane til PST.

Samarbeidsforum

Ein viktig del av PSTs internasjonale samarbeid er knytt til vår deltaking i multilaterale samarbeidsfora. PST deltek i dag på vegner av Noreg i flere slike europeiske fora. Her møtast europeiske tryggingstenester for å utveksle informasjon og erfaringar på både strategisk og operativt nivå. Foraene gir generelt sett god høve til raskt å utveksle synspunkt på problemstillingar innafor terrorisme, ekstremisme, spionasje og sabotasje. Vi ser også at samarbeidsforaene stadig oftare brukast til å utveksle erfaringar rundt strategisk leiing, drift og utvikling av tryggingstenestene i Europa. 

I den seinare tida har samarbeidet mellom dei europeiske tryggingstenestene vore i rask utvikling. Dette gjeld særskilt innafor kontraterrorsamarbeidet. Det er i dag store politiske forventningar til den enkelte teneste om å bidra med relevant informasjon, sånn at alle tenestene blir i best mogleg i stand til å forhindra terrorisme. 

Ettersom PST også representerer norsk politi, har vi også ein unik tilgang til fleire europeiske samarbeidsfora som er forbeholdt polititenester. Vi samhandlar blant anna med andre lands politieiningar gjennom Interpol og Europol.