Trussel;vurderingar

Politilova § 17 c fastset at "Den sentrale enhet i Politiets sikkerhetstjeneste skal utarbeide trusselvurderinger til bruk for politiske myndigheter".

Publisert 10. jun 2021

Headerbilde tilhørende artikkel

Dette blir utdjupa i PST-instruksen § 6: "Politiets sikkerhetstjeneste skal av eget tiltak, eller etter anmodning fra Justisdepartementet, utarbeide trusselvurderinger og gi råd om tiltak av betydning for norske interesser, virksomheter og enkeltpersoners sikkerhet. Tjenesten kan yte tilsvarende bistand til departementene, Politidirektoratet, politidistriktene og sjefene for politiets særorganer."

Periodiske trusselvurderingar blir utarbeidde for å gi eit bilete av trusselen i ein bestemt periode. Det blir også utarbeidd trusselvurderingar med eit meir kortsiktig tidsperspektiv som avgjerdsgrunnlag for prioriteringane og tryggingstiltaka til andre styresmakter. Også desse trusselvurderingane vil i praksis alltid vere tryggleiksgraderte.

Hendingsstyrte trusselvurderingar

Ved særskilde hendingar, som til dømes store arrangement, statsbesøk, utlandsreiser for framståande representantar for norske myndigheiter eller hendingar som allereie har skjedd, utarbeider PST trusselvurderingar. Ein terroraksjon i utlandet kan gjere det naudsynt å vurdere eventuelle konsekvensar for norske interesser.

Dei hendingsstyrte trusselvurderingane inneheld tilrådingar frå PST om politioperative tryggingstiltak. PST tek ikkje avgjerdene om kva tryggingstiltak som skal gjennomførast, dei blir tekne av politimeisteren i det aktuelle politidistriktet, til dømes det politidistriktet som skal få statsbesøk.

Samarbeid med Etterretningstenesta

Både PST og Etterretningtenesta har til oppgåve å lage ulike vurderingar og analysar på fleire fagfelt i medhald av politilova og etterretningslova. Tenestene samarbeider nært og har gitt ut fleire felles analyseprodukt. Det er særskilt viktig når det gjeld grenseoverskridande alvorleg kriminalitet, til dømes internasjonal terrorisme. Desse vurderingane er viktige mellom anna i samband med reiser norske myndigheitspersonar gjer til konfliktområde.