Livvakt

PST si livvaktteneste har det nasjonale ansvaret for blant anna å utføre nærsikring og andre tryggingstiltak for norske og utanlandske myndigheitspersonar i Noreg.

Publisert 10. jun 2021

Headerbilde tilhørende artikkel

Desse personane kan til dømes vere regjeringsmedlemmer, stortingsrepresentantar og dommarar i Høgsterett og tilsvarande representantar frå andre land og ambassadørane til andre land i Noreg. Kongehuset har i dag ei eiga livvaktteneste i Den kongelige politieskorte som er underlagd Oslo politidistrikt. Frå 2022 vil denne tenesta vere ein del av Politiets tryggingsteneste. 

Livvakttenesta vert utført i nært samarbeid med politidistrikta. Livvaktene følgjer også einskilde norske myndigheitspersonar på reiser i utlandet. Livvakttenesta blir utført i tråd med føringar frå Justisdepartementet, nedteikna i Instruks for Politiets sikkerhetstjeneste § 9 andre ledd. 

Livvaktoppdrag er i hovudsak nærsikring av aktuelle myndigheitspersonar, men livvakttenesta utfører også andre oppgåver for å tryggje myndigheitpersoner. 

Det er PST som har ansvaret for å analysere og vurdere trusselbildet. På bakgrunn av ei samla risikovurdering vil PST komme med ei anbefaling om kva for tryggingstiltak kvar enkelt myndigheitsperson treng. I nokre tilfelle tilrår vi at ein person skal følgjast av livvakter, anten kontinuerleg eller i særlege situasjonar, til dømes under utanlandsreiser. 

Saman med Politidirektoratet tilrår PST aktuelle tryggingstiltak, men det er politimeistrane i dei aktuelle politidistrikta som avgjer kva tiltak som skal setjast i verk.

Når statsrådar eller stortingsrepresentantar er på reise i utlandet, er det vertslandet som har ansvaret for å tryggje dei besøkjande. I land med særleg risiko kan væpna livvakter følgje med myndigheitspersonane, dersom vertslandet godtek dette. Leiaren for livvaktene er då liaison til tryggingsmakta i landet og fungerer som tryggingsrådgivar for delegasjonen. 

Alle livvaktene i PST er polititenestemenn og kvinner som har gjennomgått ein grundig seleksjon og opplæring i livvaktteneste. Eit omfattande treningsprogram og jamlege obligatoriske testar vert gjennomførte årleg for å sørgje for at alle livvaktene opprettheld god fysisk form og dei operative ferdigheiter som er naudsynte for å utføre livvaktoppdrag. Utdanning av livvakter skjer i nært samarbeid med Politihøgskolen og Den kongelege politieskorte.